Tuesday, August 28, 2007

Kven kan seia ingenting

Ligg det eit dikt i fingrane?

Jorda kallar orda mot bakken.

Her kjem dei.

Som fjøra

Landa i ustivna gele

Er sjelene våre ubleika av tid og tenner

Og endå ein kveld klassifiserar eg utsleppet som

Ingenting

Men når det gjeld poesering

Kan ein aldri vera sikker

Byro

Kva ville du gjera om eg fortalde deg at
Under pensjonerte bjørkeblokker og
Over lyden av ein andpusten by

Fins det noko som er heilt vedunderleg

Stille

Ville du, som eg,
Sitta ned, sjå på himmelen?