Friday, February 24, 2006

Asfalthjelm

Auge gøymt i asfalt
Ly mot menneske

Dei må ha såra deg

Noko anna over asfalten
Du må våga for å
Vinna

Eg vil rista deg
Tvinga deg til å
Ta i mot smilet

Diktet er til han guten eg gjekk forbi. Viss du les det, veit du ikkje at det er deg. For du såg ikkje meg. Men eg såg deg.

Utan tittel

Glid mellom fingrane
Og ut

Vassdråpar
Vert eitt med havet

Sandkorna
Finn sin plass på stranda

Ikkje gråt
Det gjekk ikkje tapt

Eitt med æva