Thursday, June 14, 2007

00.15

Du er stjerneguiden min
Kviskra ho

Fingeren fann
Eldkulene
Som sikrar Orion si bukse

Vis meg svana!

Han peikte på henne

Løva!

Han peikte på henne

Jomfrua!
Han lo, og sa at det visste han ikkje

06.45

Drøymaren vaknar

Bak rullegardina
Ventar regnbogen

Ei doggfrisk dråpe
Kviler i augekroken, deler

Morgonljoset i sju

Friday, June 08, 2007

Debattinnlegg

I avisa seier dei at det er poetane sin feil at poesien deira ikkje vert lest (skrekk og gru: ingen av 1000 gjennomsnittlege borgarar les dikt i følge Undersøkinga!)

Det vert diskutert i Norden generelt, at dei som vel ut dikta som kjem ut er for få og for smale, dei burde leggja på seg, verta grandiosafeite som folk flest, for å forstå kva som lokkar sauene

Det er mest så at eg ikkje vil skriva dikt for kva om eg øydelegg for den nasjonale lesarinteressa ved å vera for utilgjengeleg (eller kjedeleg som ein i grunnen meiner å seia, men ikkje vågar for då har ein ikkje mykje kulturell kapital på sin sosiale konto)

Men med upoetiske ikkje – dikt som dette på veggen min, så er faren neppe så stor,

natta kryp inn i dagen og legg egg som morgonen klekker utan rier

Tålig no, gå ikkje for nær den poetiske smertegrensa!

Eit av dikta av Helge Torvund må eg lesa mange gonger for det gjer så godt, orda balsamerar, eg er eit lik i sommarvarmen

Å lesa dikt er som å gå på skattejakt, lura meg forbi kokospalmar som bombarderar med store nøtter som slår meg ut og får meg til å villa forlata øya

Eg er piraten som ikkje gjev opp, det andre grov ned i utilgjengeleg jord, grev eg opp

Stopp! (der var det nesten eit rim, som det var i dikta i gode, gamle dagar, den tida då poetiske bokstavar ikkje forsvann i støvkorn og naus for å få merksemd)