Sunday, April 06, 2008

Dei kallar seg
Folkeopplysninga

Peikar på deg og seier:

Ein bobledraum!
Du kviskrar i meg: Kom!

Eg gjev deg: Ja!

Med konjunksjonen

Men

Er me verkeleg her mellom alle som ikkje er oss?

Kompass

Oppdagaren sukka:

Ingen avstand mellom

Himmelretningane

Skilpadde

Inn og ut av det forbanna skalet ditt
Kom heller ut og vær naken, bli
Spist av dei som flyg med ørnevenger

FÅ OPP FARTA!

Innhaldsfortegninga

Armar, hud, hår, lår, føter, tarmar, hovud, tær, fingre,
Andedrett

Meir, seier du

Dei har filosofert over deg i alle tider og ikkje kome fram til nemneverdig

I det stille blikket fortel eg kva dei gløymde

Verda si navle

Eg ser ned og midt på

Noko står skrive i navlelo

Du er ikkje aleine

Bymaur

Ber barnåler i einvegskøyrde gatar

Du starta før meg og tok aldri
Pusten i bakken

Snu deg! kviskra eg

Umogleg, ropte arbeidarane mellom oss