Thursday, December 30, 2010

Bjørk

Neste gong du ser ei lyktestolpe bak ei vintertom bjørk, kan du sjå korleis

Lyset frå lykta
Lagar ei trakt i trekrone-
skjelettet
Av greiner som
Vert slynga rundt av kreftene i
Eit elektrisk midte

Og du vil oppdaga at
Dess lenger du flyttar deg
Frå treet,
Dess vidare blir kjegla

Ho følgjer skritta dine,
Dekkjar kvar einaste synsvinkel,
Ho er eit svimlande, vrengt sluk
Som syg deg 
Opp i den
Glødande kveldshimmelen 



0 Comments:

Post a Comment

<< Home