Tuesday, May 17, 2011

Dei språklause sine
Nakne kroppar er
Krøkte saman innmed
Veggane langs fortauet
Der dei språkmektige 
Passerer med meiningstunge
Tunger

Kan hende stoppar ein for
Å knytta skoen
Og der nede får han auga på
Ein stum skapning

Med sko-snøret i handa
Får han ein overveldande trong
Til å kle kroppen med ord,
Til å kalla den krøkte for noko,
Til å tre ein illusjon over det tause

Han finn fram fine ord frå vokabularet
Vever eit teppe av meiningsberande trådar
Legg det over den nakne
Og går tilfreds vidare

---

Same kveld sit skildraren
På pub
Med konverserande vener
Som generer meining over
Gyldne glas

Han som knytta skoen
Fortel om stakkaren han såg
Og donerte eit par ord til,
Kor godt det kjendest!

Ein av dei andre pratarane
Opnar munnen:
Lat oss gå ut og gjera det ordlause meiningsfylt!

Og desse orda vart straks sette ut i talehandlingar

---

Då ein av dei ordlause
Lausnar på omgrepet
Som ligg kring kroppen hans
Og reiser seg med stum eld
I blikket,

Ser dei språkmektige på kvarandre med
Heva augebryn
For no innser dei at desse kreka ikkje
Fortente slike klede

Dei skundar seg å prata fram nye plagg
Av tyngre trådar.
Dei lenkar dei ordlause fast med
Lange setningar og framandord.

Nøgde går dei talande attende til puben
Dei har vunne ei verd for meininga si edle sak
Ei verd dei no kan snakka om
Prata om
Diskutera
Drøfta
I vedunderlege abstrakte termar

---

Utanfor,
I dei mørke krokane som no er fylte med sutleprat,
Er nokon i ferd med å løysa opp språket, dei tømmer det for meining,
For så å fylla bokstavane med sine eigne skrik og lengslar,

Og snart kjem dei til å kle seg sjølve, gå inn på puben og seia:
Sjå! Dette er sanninga.