Saturday, June 27, 2009

Har du hund?

Døra vert ståande
På gløtt etter deg.

Brått er eg ei gamal dame som
Klagar over trekken,

Og eg vert sittande
For å bli forkjøla.

Dette er ikkje bra for helsa, seier dei

Eg reiser meg knirkande og motvillig i alle ledd

På dørstokken
Tek eg ein svært så liten kikk ut:

Du er framleis på veg
Bort frå meg

Dei stive fingrane mine
Grip dørklinka

Du kjem til å høyra smellet, tenkjer eg
Du kjem til å snu deg, vil eg tru
Du kjem til å koma attende, håper eg


Med skum om munnen og
Appetitt på livssyklusar

Møter bølgjene
Smuldrande fast element

Dei svelgjer sandkorna

Og glefsar begjærleg etter
Tærne mine