Monday, August 31, 2009
Saturday, June 27, 2009
Har du hund?
Døra vert ståande
På gløtt etter deg.
Brått er eg ei gamal dame som
Klagar over trekken,
Og eg vert sittande
For å bli forkjøla.
Dette er ikkje bra for helsa, seier dei
Eg reiser meg knirkande og motvillig i alle ledd
På dørstokken
Tek eg ein svært så liten kikk ut:
Du er framleis på veg
Bort frå meg
Dei stive fingrane mine
Grip dørklinka
Du kjem til å høyra smellet, tenkjer eg
Du kjem til å snu deg, vil eg tru
Du kjem til å koma attende, håper eg
Sunday, April 05, 2009
Her kjem flaumen av
Tome ord
Strøymande or munnane
Dei slamtunge elvane møtast
Midt mellom menneska
Vatnet eksploderer
Og ingenting blir alt
På denne sandgrunn
Byggjer me hus
---
Og me tvingar sjela til tystnad
Stilla hennar er bekken
Som uhøyrleg utholar bakken
Tome ord
Strøymande or munnane
Dei slamtunge elvane møtast
Midt mellom menneska
Vatnet eksploderer
Og ingenting blir alt
På denne sandgrunn
Byggjer me hus
---
Og me tvingar sjela til tystnad
Stilla hennar er bekken
Som uhøyrleg utholar bakken
I håp om å løysa opp mørk materie,
Hellar du boblar i blodet.
Berre eg ser kor lite det nyttar,
Eg krøllar tunga og kvessar blyanten
For eg har det du manglar, ta imot det, bruk det:
Her! er språket for det ordlause.
Hellar du boblar i blodet.
Berre eg ser kor lite det nyttar,
Eg krøllar tunga og kvessar blyanten
For eg har det du manglar, ta imot det, bruk det:
Her! er språket for det ordlause.
Friday, November 07, 2008
O! Du søte eksamenstid
Eg helsar deg med kaffikopp i handa og
Brillene fastgrodd på naseryggen
Du trakterer meg med overspente fingre
Eg er ditt ustemte flygel!
Brillene fastgrodd på naseryggen
Du trakterer meg med overspente fingre
Eg er ditt ustemte flygel!
Thursday, September 04, 2008
Dei legg seg i venstrefila, suser forbi, men eg
Skal ikkje koma tidsnok til anna enn morgondagen, og til den har eg aldri kome for seint
Det neste eg skal rekka er døden,
Som den nye dagen kjem han heller for tidleg enn i siste lita
Eg held meg i høgrefila, tek så av på ein sideveg, finn meg ein rasteplass
Skal ikkje koma tidsnok til anna enn morgondagen, og til den har eg aldri kome for seint
Det neste eg skal rekka er døden,
Som den nye dagen kjem han heller for tidleg enn i siste lita
Eg held meg i høgrefila, tek så av på ein sideveg, finn meg ein rasteplass
Saturday, June 14, 2008
Monday, June 09, 2008
K
(eg har sett gjennom gamle tekstar eg skreiv på folkehøgskulen. her er to forsøk på scenisk tekst.)
Konflikt K
Karakterar: Gut og jente
G: Kaffi?
J: Kvifor?
G: Koseleg?
J: Kva?
G: Kjærleik?
J: Korleis?
G: Kysse?
J: Kven?
G: Kjerring!
J: Kylling!
Dialog K
Same karakterar som i Konflikt K
G: Kaffi?
J: Klart
G: Koseleg?
J: Kjempe
G: Kjærleik?
J: Kanskje
G: Korleis?
J: Kysse
G: Kom!
Konflikt K
Karakterar: Gut og jente
G: Kaffi?
J: Kvifor?
G: Koseleg?
J: Kva?
G: Kjærleik?
J: Korleis?
G: Kysse?
J: Kven?
G: Kjerring!
J: Kylling!
Dialog K
Same karakterar som i Konflikt K
G: Kaffi?
J: Klart
G: Koseleg?
J: Kjempe
G: Kjærleik?
J: Kanskje
G: Korleis?
J: Kysse
G: Kom!
