Thursday, January 28, 2010

Over eit bord

To fingre som møtast.

Dei blir verande ein augneblink, utvekslar varme.

Kva skal dei så ta seg til?

Gjeva kvarandre fingeravtrykk
Med skiten og feittet som er ei hinne over huda? Og vaska det usynlege merket bort ved neste toalettbesøk?

Eller gjera seg om til krokar. Hekta seg fast i den andre,
dra i kvar si retning. Til dei begge vert blå.

0 Comments:

Post a Comment

<< Home