Thursday, September 04, 2008

Dei legg seg i venstrefila, suser forbi, men eg

Skal ikkje koma tidsnok til anna enn morgondagen, og til den har eg aldri kome for seint

Det neste eg skal rekka er døden,
Som den nye dagen kjem han heller for tidleg enn i siste lita

Eg held meg i høgrefila, tek så av på ein sideveg, finn meg ein rasteplass

3 Comments:

Blogger Preben said...

Her vart det mykje fint.

Eg vil bli ein ordmagikar som deg når eg blir stor.

1:16 PM  
Blogger Fru K said...

du er jo ein ordmagikar!

(dessutan: ein kan laga så mykje magisk poesi som ein vil, utan at det kan overgå trylleformelen "Eg er glad i deg!")

11:38 AM  
Blogger Grete Winther Westrum Løvås said...

Veldig fint dikt! Mye visdom i det.

2:12 AM  

Post a Comment

<< Home